Sidemeny+

Nyaselet under Rauneholten

Posted on 17. des 2006 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Murane etter selet.

Denne stølen ligg ca eitt kvarters gange frå Haukastølen. Ein fylgjer eit hjortetrakk opp frå stølen og held så til høgre utover bjørkelia mot Vidhammargjelet. Selet er plassert under Rauneholten heilt ute mot Vidhammargjelet.

Plassering i kart

Dette var eit steinsel, og murane står enno att. Selet vart oppsett etter at selet på Haukastølen var bygt. Nyaselet var i bruk nokre få veker midt på varmaste sommaren når geitene ikkje ville gå ned på Haukastølen. Truleg har dei hatt både geiter og kyr her.

CC BY-NC 4.0 Nyaselet under Rauneholten av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2006
Kjelder: Ragnhild Lindborg: Haukastølen. Pridla nr 3 1997. Stølsregistreringa i 1935
Kommune: Fresvik