På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Nede ved elva hadde ein i eldre tid mange kvernar, og seinare også vassdrivne slipesteinar. Det var ikkje alle stadar så godt å finne trygge og gode kvernestøe. Tett ved sjølve Storelva var det tryggast å laga kvednaråser.
Plassering i kart
Me veit ikkje kor gamle kvednaråsene er, men den lengste Kvednaråsi gjekk ut frå Sagaråsi om lag på same stad som Grundelandsveiti tok av. Kvednaråsi hadde også ei siderås ned til elva. Denne gjekk om lag der nordenden av idrettsplassen er i dag. Ei siderås gjekk også frå Sagaråsi og ned til elva under Monsgarden. Det var også eit par Kvednaråser sør i Tråene. Den første hadde inntaket under Mike-huset og rann ut att i elva under Jensagjerdet. Frå den hadde dei vatningsveit som rann over den nordlege og austlege delen av flatbygdi til sjøen, Giljaveiti.