Jernaldergarden i Kvernhusdalen
Øydegard frå folkevandringstida rett ovanfor Selje sentrum. C4-dateringar syner at her har vore gardsdrift frå om lag år 350 – 975 e.kr. Lenge sidan, men altså 600 års samanhengande gardsdrift…
Plassering i kart
Sannsynlegvis var det vanskeleg å finne jordbruksområde på denne tida, og då garden vart fråflytta, vart ikkje gardsdrifta tatt opp att seinare. Perioden då gardsanlegget vart fråflytta fell saman med tida då vesthavsøyane vart folkesett, og ein kan tenkje seg at det har samanheng med fråflyttinga. I same tidsrommet vart også kristendomen innført.
Ei munnleg kjelde fortel at siste eigar drukna i fjorden utanfor Selje på julafta…
Tuft 2: 14 x 6 -7 m, ca 25 m aust for tuft 1, litt lenger nede.
Tuft 3: 13 x 5 -6 m, ligg 20 m aust for tuft 2
Tuft 4: 28 x 5 -8 m. Ligg eit stykke lenger nede i lia. Langhus for både folk og husdyr, og var det siste som var i bruk.
Pollenprøver vitnar om engvegetasjon og om overgang til lynghei då garden vart fråflytta. Dei nedste prøvene viser bjørkeskog. Det er også funne eitt byggkorn i tuft 4, men det er vanskeleg å seie om det har vore dyrka her, eller er frakta opp frå åkrane ved fjorden
Jernaldergarden i Kvernhusdalen av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.