Sidemeny+

Huldrene på Otterhjell

Posted on 16. des 2006 by in Immateriell kulturarv

Det var ei jolafta det kom ein mann over fjellet frå Dyrdal. Han hadde med seg ein stor, kvit hund. Han kom ned på Otterhjell og møtte han Per på tunet.

Plassering i kart

?Kan eg få hus her i natt,? spurde han. ?Å me har ikkje hus sjølve, me i natt,? svara han Per. ?Me må ned på Flete-gardane og få oss hus for natti, for her kjem så fullt av huldrer i kveld at me ikkje kan vera her. ?Du får lata meg få hus likevel. Eg er heilt utmasa etter turen over fjellet,? sa mannen. ?Ja for meg kan du vera. Men eg vil ikkje ha noko ansvar for deg,? sa han Per. ?Neidå,? sa mannen og takka til at han fekk hus. So byrja folki på garden å bera på bordet alt dei hadde av mat og drikka. So for dei tilbygdars. Mannen la seg oppå halvlemen og hunden krabba under omnen. Litt etter vart det slikt bråk ute på tunet. Det var huldrene som kom. Nokre reid, nokre køyrde og andre gjekk. So kom dei dragande med ein utgamal kall og sette han i høgsetet. Det var hovdingen deira. So byrja dei å eta og drikka. So var det nokre av huldeungane som tok ei pølse og gav til hunden. ?Kjetta vil ha kurv,? sa dei, for dei trudde det var ein katt. Men hunden brende seg og glefste og beit etter dei, so dei vart redde. ?No skjenkar eg deg, Tore, sa dei til gamlingen og drakk han til. Han på halvlemen tok ein sylvknapp or skjorta si og togg han ihop til ei kule. So ladde han geværet. ?No skjenkar eg deg òg,? sa han. So skaut han gamlingen med sylvkula. Då vart det eit fælt leven av huldrene. Dei trudde det var hunden som hadde drepe han. So fòr dei utdragande med han. ?Stokke til jol på Otterhjell i år,? sa dei med same dei fòr ut døri. Året etter var han Per framme i marki og hogg seg joletre. Då ropa det frå ein haug. ?Per,? sa det, ?Per.? ?Ja, kva er det no?? sa han Per. ?Har du kvitapus endå?? sa det. ?Ja,? sa han Per, ?og no har ho fått tre ungar som er endå større og sintare enn ho.? ?Trøyste oss då, no kjem me aldri til Otterhjells meir. Stokkete jol på Otterhjell,? sa det borte i haugen. Sidan fekk dei vore i fred for huldrene på Otterhjell.

CC BY-NC 4.0 Huldrene på Otterhjell av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Malin Therese Simlenes Tokvam, Fresvik skule, 2006
Klassetrinn: 10.
Kjelder: Kjelder: Segner frå Vik, Arne Inge Sæbø, Vik lokalhistoriske arkiv 1998.
Kommune: Fresvik