På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Grundelandsveiti (Haugaveiti) gjekk over Grundelandshaugen. Den hadde inntaket sitt i Sagarosi og ho renn til slutt ned i Giljaveiti.
Plassering i kart
Giljaveiti og Grundelandsveiti hadde altså same utløp til sjøen. Veitene går i hop i Andreasveiti som gjekk over eigedommen til Andreas Lasseson Bøthun (1866-1956). Grundelandsveiti er eldre enn Giljaveiti og Bakkaveiti. Kanskje er det berre Holeveiti som er eldre enn Grundelandsveiti. Ei gammal soge Det var ein gong ein mann som arbeidde på ei veit. Dette var hardt arbeid og då han vart sliten la han seg til å kvila i veita og så sovna han. Ein gut såg dette og sprang i full fart opp til stenget i veita og tok det vekk slik at vatnet kom fløymande. Mannen bråvakna då han merka at han låg i vatnet. Han fekk sjå guten og skjønte kva som hadde skjedd. Og guten måtte springa for harde livet for å sleppa unna.