På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Namnet Gilja kjem truleg av det gammalnorske ordet gil, i fleirtal heiter det giljar. Dette ordet tyder gjel eller kløft. Me veit at på den andre sida av Storelvi opp mot Hov heiter det Giljareinene. Altså tyder truleg ordet "veiti som renn gjennom eit gjel eller ei kløft."
Plassering i kart
Denne veiti meiner ein er opparbeidd seinare enn Bakkaveiti. Etter bygdebokskrivaren Per H. Bøthun si meining var denne veiti kommen i stand først etter at dei var nedflytte frå Gamletunet. Flyttingi av tunet gjekk føre seg i åri 1800-1850. Giljaveiti er difor truleg yngst av alle veitene. Dersom det ikkje var vatn i brønnane, vart veiti også bruka til drikkevatn. Siste delen av Giljaveiti blir kalla Andreasveiti. I fremste delen av Giljaveiti var det laga trerenne sidan terrenget var for vanskeleg til at veita kunne gravast ut i bakken.