Sidemeny+

Gamlestølen over Djupevik

Posted on 27. des 2006 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Framleis har ein god utsikt over fjord og fjell frå selbøen.

Ein gammal heimestøl til Djupevik. Han ligg mellom "Gruvla" og Vaskegroi, men litt høgare enn Stølshaug, 207 moh.

Plassering i kart

Her viser murar, og selbøen er enno ikkje tilvaksen, slik at ein lett ser staden frå sjøen. Det gjekk eit snøras over stølen ein gong og tok sela. Truleg har det i si tid vore to-tre sel her. I stølsregistreringa av 1935 har Djupevik 3 stølar, Tuftene og to stølar kalla Djupevikstølane som ligg i lia over Djupevik. Begge er 200m NV for Djupevik, 150-200moh. Den eine er i bruk som vårstøl, medan den andre vart flytt rundt 1900. Det kan vera rimeleg å anta at stølen som blei flytt kan vera Gamlestølen sidan vi veit at sela der vart tekne av snøras. Dei to stølane som då er i bruk er truleg Skjevlinghaug som vart nytta til fram på 60-talet og Stødl der Aksnes og Djupevik hadde sel. Liastølen er truleg ikkje i bruk i 1935.

CC BY-NC 4.0 Gamlestølen over Djupevik av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2006
Kjelder: Stølsregistreringa av 1935 Stadnamngranskinga Magnar Djupevik
Kommune: Fresvik