Sidemeny+

Flått og Borrelia-bakterien.

Posted on 21. des 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Mikroskopbilde av flått (100 x)

Flått er eit edderkoppdyr med 8 bein som fester seg til huda på menneske og dyr for å suge blod.
Dersom flåtten er smittberar – kan han overføre bakterien
borrelia. Får du ikkje behandling i tide, kan du bli sjuk og sett ut av spel i fleire månader.

Utsjånad og opphaldsstad.
Kroppen til flåtten er relativt flat og oval forma. Lengda kan vere 1-10 med mer. Han har 4 par bein som han sakte kravlar seg framover med.
Flåtten likar seg i skogen, spesielt ut ved kysten, så
har du vore på ein skogstur, er det lurt og «inspisere» kroppen etterpå.
Han kan bite seg fast
overalt på kroppen, men som regel fester han seg på stader med tynn hud som i armholene, knehasane og i skrittet.
Har du fått ein flått på deg, kjennest han ut som ein liten klump.
Er du uheldig, kan du bli smitta av bakterien borrelia. Smitten er på sitt verste på seinsommaren og hausten.

Smitterisiko
Flåttnymfene går oftast på menneskekroppen, medan vaksen flått er meir vanleg på dyr.
20-30% av flåttnymfene i Norge og 40-50% av den vaksne flåtten kan vere smittebærarar.
Dess lengre flåtten sitt på, dess større sjanse er det for at du blir smitta. Fjernar ein flåtten innan eit døgn, er smitterisikoen minimal.

Fyrstehjelp
Det viktigaste ein må gjere i ein slik situasjon, er å fjerne flåtten så tidleg som mogeleg.
Det kan gjerast på fleire måtar. Du kan fjerne han med neglene, pinsett eller flåttefjernar- som du får kjøpt på apoteket. Det er heller ikkje farleg dersom noko av flåtten sitt igjen på kroppen. Eit gammalt kjerringråd er å legge smør rundt bitereidskapane til flåtten, då vil han med tida sleppe taket.

Korleis veit ein at ein er smitta?
Dersom du er smitta får du eit raudt utslett eller ein hudinfeksjon rundt flåttbittet. Får du ein raud ring rundt eit flåttebitt, bør du kontakte lege. Andre symptom på borrelia er feber og hovne lymfekjertlar. Desse symptoma kan kome og gå i periodar. For enkelte personar kan hudforandringane vere smertefulle, og det kan klø og svi. Lymfeknutane kan også hovne opp i nærleiken av bitestaden. Mange føler seg difor sjuke når dei er smitta av borrelia.

CC BY-NC 4.0 Flått og Borrelia-bakterien. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirik Kaale 10b 2006
Kjelder: Kjelde: Internett - Lommelegen.no
Kommune: Gloppen