Sidemeny+

Engi.

Posted on 17. des 2006 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Vinter på Engi

Engi ligg 5 km framme i Fresvikdalen, der dalen kløyver seg i Tundalen og Storedalen. Dette var ein vår og hauststøl og truleg den eldste stølsgrenda i Fresvik. Alle bruka i Flatbygda og Tretteteig hadde stølsrett her. Stølen var delt i to grender, Heimrestølen og Fremrestølen. Stølen var den som var lengst i bruk i Fresvik.

Plassering i kart

Vår og hauststøl. Engi vart rekna som ein tidleg og god vårstøl. Spesielt var stølssida, vestsida, tidleg grøn om våren, mest like tidleg som heime i bygda. Tørken kunne vera lei år om anna, men då vaks det godt på Brotamosida, Kaldavatnet og i Storedalen. Gamle folk rekna på at dersom dei fekk vera på stølen siste veka i mai, så var det ein vanleg god vår. Dei var på stølen til 14 dagar etter jonsok. Så bufarte dei til Jordalen der dei var i 8 veker. Så attende til Engi der dei var 4 veker utover hausten. Då var ein kommen til Mikkelsmesse, og på tide å flytta folk og dyr heim. Tråna Frå gamalt av har kvar gard hatt stølsgjerde og det ser ut til at dei fleste har hatt sela ståande i utkanten av gjerdet og hatt si trå der. Men etter kvart som bruka blei delte, vart og stølsgjerda delte. På den måten vart det ikkje alltid høve for den nye brukaren å byggja ved stølsgjerdet, og slik vart det ei fellestrå for alle etter kvart. Engi var på ein måte delt i to grender, Heimste og Fremste stølen med selbøen mellom seg. Det kan vel vera to grunnar til denne delinga: Dette var den tryggaste plassen å byggja på og så utnytting av beita. Stølsvegen Ingen veit kvar den første vegen til støls gjekk, men me veit at det i lang tid ikkje var bruer over elva. Også i dag går det bra veg frå Breilid og fram Brotamosida til Vetleingji. Denne vegen var også lagleg når ein skulle til Tundalen eller Jordalen. Var dette ein gammal veg til Engi? Elvi ville vel bli lettare å kryssa til lenger fram ein kom. Men me har ikkje gamle namn eller andre ting som kan gi oss nokon peikepinn her. Stokkabrui låg ved Bruavoll. Ei stokkebru var i dei fleste høve ei gangbru for folk og småfe. Helst burde det vera eit brukande vad nær ved, slik at hestar og storfe kunne kryssa elva. Namnet Bruavoll tyder også på at her har det vore bru over elva frå gammalt av, så truleg har ein nytta denne vegen til Engi. Etter storflaumen i 1743 vart det halde skadetakst, men ingen bruer er nemnde i denne taksten, sjølv om det var stor skade frå Vetleingji til sjøs. Det skulle tyda på at større bruer har det ikkje vore på den tid. Ein liten landsby På Heimstestølen hadde desse sel til kring 1912: 4 bruk i Bøtun, 1 på Høgheim, 1 på Hauglum (Sagi), Tretteteig hadde to sel, ein husmann hadde og sel. Ein brukar i Bøtun har no bygd nytt sel på tufta. På Fremrestølen hadde desse sel: Skau på Bruabakken, 3 bruk i Bøtun, 2 på Høgheim, Bjørnetun fem, Hauglum 1, Grundeland 1. Ein husmann under Bjørnetun hadde og sel. Dette vart mange på ein stad, tilsaman 22, so det såg ut som ein landsby. To brukarar på Bjørnetun flytte sela sine fram på Bjønnbåsen. Grunnen til dette var vel at dei meinte skredfaren var mindre der. Me veit at det samla seg mange budeier der i uversnetter om hausten. Flytting av sel Etter utskiftninga i 1910 då stølen vart delt i to, vart det noko flytting. Det eine bruket i Bjørnetun flytte heim på Storsteingarden. Det andre bruket som var på Bjønnbåsen kom seinare attende til staden det flytte frå. Skau flytte heim til Storestein. To bruk i Bøtun, Per M. Bøthun og Per Johs. Bøthun, flytte frå heimre til fremmestølen. Per Johs. Bøthun sette selet på den fråflytte Skaustufta. Det bruket av Høgheim som var på heimrestølen skulle og flyttast. Det vart etter ei tid nedrive men ikkje sett oppatt som sel. Byggjemåte Dei gamle sela var bygde på same måten. Storleiken kunne variera litt, men alle var bygde av laftetimmer og hogne plankar. I dei eldste vart det brukt rudde, hogne stokkar. Mursel har truleg ikkje vore nytta her. Grunnen er vel at ein kunne køyra materialane fram på vinterføre. Ei lita soge om eit seltømmer gjev eit bilete av tida: Ein bonde i Bøtun, han Gamle-Ellend, skulle byggja seg sel på Engi. Han hogg tømmer i Fresvikåsen og køyrde det ned på Bruavoll-reina og løypte det ned på flata. Der overtok husmannen på Bruavoll. Han gjorde avtale om å ryddja alt seltømmeret mot å få all rydjespon. Selet står enno. Storleik Storleiken på seli kunne ymsa litt, men byggjemåten og romdelinga var den same for alle. Dei vanlege måla var: Lengd 5 m, breidd 3,5m og 1,7 m til raftet. Det var delt i to rom med eit midtbryst: sel og skot. Skotet var 1,5 m på lengd. Dei var bygde på den måten at det fyrste omfaret, svill, og det siste omfaret, ålestokken, rakk ut over skotet. Dette vart kledd med ståande bord. Ramen var open so røyken frå grua i skotet slapp ut. Alle sela hadde nevertak, torvtak, med ljore. Dette var den einaste ljoskjelda i lange tider, seinare kom det glas. Det var kjellar under sela, denne vart brukt som fjøs. I enden av selet hadde dei fleste bygt til høyløe, under denne var og kjellar. Innreidnad Innreidnaden var den same hjå dei fleste. Inngangen var i brystet. Ein kom fyrst til skotdøra. Det var alltid eit hol i døra som ein kunne smetta handa inn i og lyfta av kroken som alltid var på innsida. Dette var vel for at beista ikkje skulle lyfta av kroken, noko dei kunne gjort om han var på utsida. I skotet var grue på ei sida og plass for ved og andre ting på den andre. Her var det jordgolv, men i den seinare tid vart det tregolv. Inngangen til sjølve selet var frå skotet. Koppabenken og ostehjellen rakk tvers over den andre brystveggen. Over døra var og ein hjell. Omnen stod oftast i høgre hyrna attved døri med ei røyr opp gjennom taket. På den andre sida senga, den var ofte veggfast. Mellom omnen og koppabenken stod bordet. Bordet var ofte festa slik at ein kunne slå det opp etter veggen. Foten var festa til undersida med eit rijern, på denne måten vart det betre plass når bordet ikkje var i bruk.

CC BY-NC 4.0 Engi. av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2006
Kjelder: Gamalt frå Leikanger herad, Sigurd J. Bøthun: Om stølen Engi i Fresvik Sigurd J. Bøthun: Om Engi og andre stølar i Fresvik. Pridla nr 3 1997
Kommune: Fresvik