Ei huldrehistorie frå Ese.

Huldrespori. Her stod Huldrekaren.Han var så sint at han trakka djupe spor i steinen.
Frå Ese har vi ei huldrehistorie som heiter Ese-giklet.Gikle er det same som bruresølv.I Esedalen er det mange merke som kan knytast til denne historien.
Plassering i kart
Ese-giklet
I Ytre Ese hadde dei eingong ein hest,ein hund og ein hane. På den garden trudde dei at dersom hesten kneggja,hunden gøydde og hanen gol samtidig,var det noko på ferde. På garden hadde dei også ei fin jente som han Alme,odelsguten, var forlova med.Så var det ein sommar at jenta reiste opp i Esedalen for å vere budeie.Ein dag gol hanen, hesten kneggja og hunden gøydde samtidig nede på garden.Alme vart bekymra for jenta si så han tok hesten og eit gevær og reid det raskaste han kunne til stølen.På vegen skjøna han at det var huldrekaren som hadde teke henne.Då han kom til stølen var det huldre-bryllaup.Det truste av huldrefolk,og jenta var pynta med brudesølv.Historia fortel at viss huldrekaren klarde å kysse ei jente blei ho bergteken.Huldrene tolte ikkje stål og jenta hadde vore snarrådig og teke ei nål i munnen slik at huldrekaren ikkje torde kysse henne. Alme skaut over huldrekaren, reiv til seg jenta og reid avgårde.Huldrekaren sprang etter dei, men då han kom til ein stein ved huldresenga,stansa han og såg at han ikkje kunne nå dei att.Då vart han så sint at han brølte så det losna ei skrede oppi fjellet.Alme og jenta kom ned att, men ho blei aldri seg sjølv.Bruresølvet hadde ho med seg, og det vart verande på garden.
-
Huldrespori.
Her stod Huldrekaren.Han var så sint at han trakka djupe spor i steinen. Foto: Lars Hallvard Esecbn
-
Huldresengi.
På denne steinen blir det fortalt at huldrene sov. Foto: Lars Hallvard Esecbn
-
Steinskreda.
Huldrekaren skreik så fælt at det losna ei steinskrede oppi ei bergside. Foto: Lars Hallvard Esecbn
-
Huldrekaren hadde store føter.Minst str.46 Foto: Lars Hallvard Esecbn
Ei huldrehistorie frå Ese. av Lars H. Ese er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.