Wald Dragseth
Wald Drageseth født i 1920 død 1994, og kom frå Selje.
Plassering i kart
Ein av dei fremste industribyggjarane i Sogn og Fjordane gjennom tidene.
Han grunnla tre hjørnesteinsbedrifter i Selje; Skjortefabrikken, plastbåtfabrikken som no heiter Saga Boats og Selje Hotell. Til saman skapte han fleire hundretals arbeidsplassar i bygda.
Han hadde ei rad politiske tillitsverv i Selje kommune og på høgre nivå, og arbeidde særskilt for bygging av skikkelege sambandsvegar mellom heimbygda og omverda.Wald Drageseth fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1984.
Wald Dragseth av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.