Sidemeny+

Trappa i Kjøde

Posted on 22. nov 2006 by in Bygning, anlegg og arkitektur

I Kjøde er det ei trapp som går opp til eit vasskraftverk som gjev straum til bygda.

Plassering i kart

Det er 1000 trappetrinn opp fjellsida. Det er ein ganske hard tur, men det er også god utsikt når du kjem til toppen. Det tar 40, 45 min å gå opp trappa, og viss ein går lengre opp fjellsida, ligg det eit vatn på andre sida av toppen.
Det er her dei tek vatnet til vasskraftverket. Frå toppen av fjellet er det ca. 500 m nesten rett ned. Det vert fortalt at det datt ein mann ned røret som går opp til vatnet då dei la den fyrste rørleidningen. Men han overlevde. Den gamle rørleidningen vart skifta ut for nokre få år sidan.

CC BY-NC 4.0 Trappa i Kjøde av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Lars Johannes Gjerde, 2006
Klassetrinn: 9 klasse
Kommune: kjøde