Tarvaldseggja
Eggja er Seljes nest høgste fjelltopp. Turen opp er ein grei fjelltur for folk som berre vil ha seg ein mosjonstur, med bra utsikt over Selje og områda rundt.
Plassering i kart
Turen startar frå midten av Sandvikeidet, der ein liten vegavstikkar går til «dynamitthuset» mellom to vatn. Derifrå er ei lett stigning opp til Orren, som er ein liten avstikkar som gjev poeng på Selje idrettslag si turløype. Vi rådar alle til å ta seg en tur dit også. Dereter kjem en nedoverbakke før du kjem inn igjen på stien til Eggja. Denne har ei lita flate forsetter terrenget litt på samme måten før vi kjem inn på ett litt brattare nivå, som likevel ikkje er for bratt til at folk flest kan klare turen ganske greitt.
Tarvaldseggja av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.