Sidemeny+

«Skulebas» på Hyllestad

Posted on 28. nov 2006 by in Arbeidsliv

Dei første elevane er alt komne på brua.

Torsdag 23. november var ein spennande og lærerik dag for 8. og 9. klasse, for då hadde opplæringsfartøyet til Måløy vidaregåande skule gjort strandhogg på Hyllestad. Ved den gamle dampskipskaia låg «Skulebas» opplyst og fin då vi kom med skulebussen om morgonen. Det skulle verte fint med litt jordnær undervisning midt opp i all teorien.

Plassering i kart

Vi går om bord

Elevane på «Skulebas» tol vel imot oss og sytte for ei lærerik omvisning på båten. Først vart vi samla til fellesinformasjon i båten sitt klasserom. Elevane på båten presenterte seg og fortalde litt om livet «til sjøs». Vi fekk også høyre litt om kva skulen kunne tilby av fag og studieretningaar. Elevane som drifta båten, fortalde alle om lyse framtidsutsikter både med omsyn til jobb og løn.

Praktisk yrkesorientering

Etter fellesinformasjonen vart klassen delt inn i grupper på 3 – 4 elevar. Vi var innom fire ulike stasjonar: linesetting, byssa, sveising og styrehuset. Fleire elevar nytta høve til å stille spørsmål på dei ulike postane. På sveiseposten fekk alle høve til å prøve seg litt i «faget».
Dei treng maskinistar so utdann deg som maskinist.

CC BY-NC 4.0 «Skulebas» på Hyllestad av Håkon André Hatlem er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Andre Hatlem, 2006
Klassetrinn: 7. klasse
Kommune: Hyllestad kommune