Sidemeny+

Selje Kyrkje

Posted on 29. nov 2006 by in Kulturarv

Foto: Daniel Hatlenesall-rights-reserved

Her ser du selje kyrkje.

I 1654 vart kyrkja flytta frå Selja inn til fastlandet. Det var på grunn av at ein båt med kyrkjefolk forliste og alle drukna. Det var også vanskeleg å legge til med båt på Bø, den staden kyrkja låg ute på Selja.Selja fekk ei av dei første kyrkjene i heile Noreg etter at Kong Olav Tryggvason i år 996 gjorde Selja til helgenstad. Kyrkja han let byggje under hellaren på Selja var også den første sognekyrkja. Seinere stod soknekyrkja på Bø, på innsida av øya, før ho vart flytta til fastlandet.

Plassering i kart

Ei segn seier at prestefrua Maren Sørensdatter hadde ein finger med i spelet rundt plasseringa av kyrkja. Den gamle kyrkja vart riven, og tømmeret fløytt over sundet og opp under Nabbetangen like ved prestegarden. Meininga var at kyrkja skulle settast opp at på Hagevollen nær Nabben, ikkje langt unna prestegardshusa.
Maren likte ikkje tanken på å få kyrkjegarden, og attergangarane så nær innpå huset. Difor bad ho drengen stiltre seg av garde og løyse tømmerflåta etter at det var mørkt. Det bles synnavind ,og flåten rak over vika og bort i fjøra på nordsida av Prestesanden. Då folk våkna og såg kva som hadde hendt, tok dei det som eit varsel om at kyrkja skulle byggjast her, og så vart gjort.Etter kvart vart den gamle kyrkja frå Bø for lita for Seljebygda. Det vart difor bestemt at det skulle byggjast ny, medan den gamle skulle plukkast ned, og flyttast til nordsida. Ho står på Stadt i Leikangsbygda. Selje har altså hatt ny kyrkje sidan 1866.

Selje Kyrkje

Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 13 mai av 1866 av biskop Peder H.G Birkeland
Arkitekt: J.H Stockfleth
Byggmester: Rasmus Sætre, Stryn
Sitteplassar: 500

CC BY-NC 4.0 Selje Kyrkje av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Frank-Robert Åhjem
Klassetrinn: 9 kl
Kjelder: På kyrkjeferd i sogn og fjordane 2. sogn
Kommune: hoven