Sidemeny+

Selantic

Posted on 22. nov 2006 by in Arbeidsliv

Foto: Daniel D. Hatlenesall-rights-reserved

Hallen

Hallen blei bygd seint på 70 tallet og frå 1988-2000 heldt Selantic Selje AS til der.

Plassering i kart

Selantic Selje AS starta bygde og utvikla redningsutstyr. Seinare blei Selantic AS kjøpt opp av Norsafe AS som dannet Norsafe Selantic AS i 2000. Dei heldt fram med utvikling av redningssystem i tett samarbeid med …. Seinare same år vart Selantic Selje AS oppkjøpt av Sotra Gruppen AS og danna Selje Industri Partner AS. Norsafe Selantic AS vart inga stor suksess, og dei sleit med store utgifter i samband med godkjenningar av redningssystemer i innland og utland.
Norsafe Selantic AS eksisterte ca 1 år, og vart deretter kjøpte av et dansk firma som heiter Viking Life Saving Equipment AS.

Selje Industri Partner AS vart i 2000 ein underleverandør til Viking og bidrog med produktutvikling og produksjon.
Dette var ein del av produksjonen i Selje, men i tillegg var Selje Industri Partner AS verftsindustrien på Møre.

Markedet stupar?
I 2003 begynte markedet å stupe i verftsindustrien og permitteringar vart brukt i stor skala i heile næringa.
Samstundes begynte Viking å flagge ut produksjonen til Tsjekkia.

Selje Industri Partner AS og Sotra Gruppen AS merket derfor store svingninger i markedet.
Sommaren 2005 valde Sotra Gruppen AS å stenge dørene fordi markedet var dårleg.
Men vinteren 2005 / 2006 valde noen av dei tidligare ansatte å gjøre eit nytt forsøk med færre ansatte, for å oppretthalde noen av arbeidsplassane i Selje.
Sotra Gruppen AS var villige til å stå bak som eigarar, men signaliserte ynskje om å selje bedrifta.                  Sotra Contracting AS  Avd.Selje vart starta opp for å gjøre administreringa enklare.

Februar 2006, som ein underleverandør til supply næringen på Møre, fekk Sotra Contracting AS Avd.Selje kontakt med ein del aktørar som ønskte å starte med miljøprodukt. Men dei mangla medaktørar med rett bakgrunn innanfor prefabrikering.
Sotra Contracting AS Avd. Selje kopla Sotra Gruppen AS og Global Enviro International AS og forhandlingene var i gang.
I oktober 2006 vart forhandlingene avsluttet og Global Enviro International AS kjøpte opp Sotra Contracting AS Avd. Selje.

CC BY-NC 4.0 Selantic av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Daniel D. Hatlenes 2006
Klassetrinn: 9.kl
Kjelder: Odd Egil Hatlenes