Sandviksdalen
Sandviksdalen ligg i Selje kommune, eit stykke over ein plass som heiter Barmsund. Sandviksdalen har ein eldgammal skog der trea har heilt spesiell form og storleik.
Plassering i kart
Dette kjem av litt av at dei står på ein vèrhard plass, men også fordi dei høyrer til ein spesiell type furu som kallast kystfuruMange synest at denne skogen er veldig fasinerande å sjå, sidan det nesten ikkje finnast liknande skog i området. I Selje kommune er det stort sett berre einskilde tre utanfor denne skogen. Det er mange som tek seg en søndagstur opp i Sandviksdalen for å sjå på skogen, men også det vesle vatnet som ligg i nærleiken. Her er også svært fin utsikt over Sildagapet, Silda, Barmen, Rundereim, Selje, Flister og heile Nordpolljen mot Flatraket. Ein ser også ut over Stadthavet.
Det er mykje hjort og fuglar i området. Dette er ein fin plass til å få mulegheiten til å sjå hjort på nært hold. Grunneigarane jaktar i området om hausten. Her er også mykje orrfugl og gjess som held til i området rundt vatnet.
Sandviksdalen av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.