Runesteinar på Barmen
Like ved sjøen på austsida av øya Barmen står ein runestein. Steinen er 1,55 m høg, 50-70 cm brei og 15 cm tjukk.
Plassering i kart
Han står i eit område med mange gravrøyser og bautasteinar. Området var truleg gravplass for dei utvalde i samfunnet og vart nytta over lang tid i jernalderen.
Det er usikkert kor gamal runesteinen på Barmen er, men truleg er han frå eldre jernalder. Innskrifta på bautasteinen lyder ek thirbirjar. Dette er tolka som den som gjer kraftlaus. Kanskje var dette namnet til den runekunnige eller kanskje tilnamnet til ein sjaman eller trollmann?
Sjamanen var ein person med spesiell status og makt innanfor samfunnet. Det var kanskje sjamanen som stod for utøvinga av kulten i samband med ritual, ofring og læking av sjukdom? Ei av oppgåvene til sjamanen var å fjerne eller å gjere dei vonde kreftene kraftlause. Sjamanen føretok også reiser over i ei anna verd gjennom transe.
Runeskrift vart gjerne nytta i samband med religiøse handlingar. Nokre runeinnskrifter var truleg av magisk karakter. Andre vart reiste til minne om døde personar. I enkelte tilfelle kan steinane vere tenkt som arverettslege dokument.
-
runesteinar på barmen Foto: Kristoffer Nøstdalall-rights-reserved
-
Runesteinar på Barmen Foto: Kristoffer Nøstdalall-rights-reserved
Runesteinar på Barmen av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.