Libbera

Turen startar med å gå opp frå Liset.
Libbera er ein fjelltopp på sørsida av Stadthalvøya, med utsyn over Sildagapet.
Plassering i kart
Det er fleire måtar å gå til Libbera, men den store «Libberturen» er ein dagstur der du kjem innom 4 av 16 postane som er utlagt på fjella rundt Selje sentrum. Du bør sette av heile dagen, og ta med godt med niste om du vil ta denne turen.
-
Turen startar med å gå opp frå Liset. Foto: Frank-Robert Åhjemall-rights-reserved
-
Fjellvidda innover frå Libbera Foto: Frank-Robert Åhjemall-rights-reserved
-
Rasteplass ved eit lite vatn nær Geitahonnet. Foto: Frank-Robert Åhjemall-rights-reserved
-
Utsikt frå Geitahonnet mot Mikkjelsvatnet,der det er råd å fiske Foto: Frank-Robert Åhjemall-rights-reserved
-
Gjerdestolpe i stein ovanfor Liset Foto: Arve Åheimcbn
Vegen ned frå Libbera går ned til fjøra på Rydjejorda, ein gammal, fråflytta husmannsplass der du kan sjå tuftene av garden. Stien er ganske bratt, og det går ei alternativ rute innover fjellet til anten Skårbø eller Liset. Men går du ned Rydjejorda, får du også med deg den fjerde posten, som er plassert like over dei gamle tuftene.
Deretter fylgjer du stien i fjøra forbi Årdalen og til Skårbø.
Libbera av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.