Sidemeny+

Kvernhusdalen.

Posted on 8. nov 2006 by in Landskap

Foto: Joachim Lundeall-rights-reserved

kvernhusdalen

Kvernhusdalen ligg i Selje kommune, i passeleg gangavstand, om lag ½ time frå selje sentrum.
Dalen er eit mykje brukt turområde, der det er både kulturminne og eit brukbart fiskevatn, med fritt fiske.

Plassering i kart

Ferskvasskultivering.
Skulen begynte med fiske fordi fiskane der oppe var små og dårlege Ved å fiske ut om lag 1000 fiskar kvart år, ville det verte færre fiskar som konkurrerte om maten, og dei fiskane som vart att, ville få meir næring og verte større. Før vog fiskane ca.100 gram, men etter å ha fiska der i 7 år, har vekta på fiskane i ferskvatnet i kvernhusdalen økt til 300-350 gram.

Kvernhusdalen er ein kjempe fin stad å vere for å slappe av og nyte den deilige fjell lufta.

Sjå også artikkel om kulturminne av ein gard frå jernalderen

Selje skule har brukt Kvernhusdalen i mange år som ekskursjonsområde for mellomtrinnet. Dei har laga til mange ting der oppe, rasteplass med benkar, hytte og dessutan fått ein båt som dei brukar til fiske.

CC BY-NC 4.0 Kvernhusdalen. av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Joachim lunde. 2006.
Kommune: Selje