Sidemeny+

KLIPET

Posted on 15. nov 2006 by in Landskap

utsikt fra klipet

Selje idrettssalg har lagt ut 16 fjellpostar og Klipet er den enklaste av dei å gå til.
Alle postane gjev ulike mengder poeng, og klipet har berre eitt, når du registrerar deg i boka som bevis på at du har vore der.

Plassering i kart

Turen til Klipet er veldig lett, så sant det er tørt i marka. Mange joggar frå sentrum opp og ned igjen, men det vanlegaste er å ta det som spasertur.
Viss du står på klipet er det fin utsikt over Selje sentrum. Du ser også Selja, Barmen, Sildagapet og landet ikring.
Det tar ca 15 minutt å jogge opp og cirka 25 minutt å gå. Turen passar godt både for vaksne og små ungar.

CC BY-NC 4.0 KLIPET av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Joachim Refvik 14år 2006
Klassetrinn: 9klasse
Kommune: oppe på fjellet