Hummar
Hummaren er eit av våre største krepsdyr.
Plassering i kart
Den veks svært seint, 2-3 cm per år, og hoene blir først kjønnsmodne når dei er ca. 23 cm lange. Hummarane trives berre på grunt vatn ned mot 40 m djup og vil ha fjell og steinbotn der han kan finne gode gøymeplassar.
Hummarane lever i saltvatn og er i Noreg berre tillatt å fiske frå 1.oktober frem til 31. desember. Den største hummaren som er blitt tatt i Norge er 54 cm, vegde 7,5 kg og var ca. 50 år.
Hummarane parrar seg om høsten etter skallskifte og gytinga går føre seg om sommaren. Hoa tek med seg egga under halen vinteren over, inntil dei klekkes i juni-juli året etter.
Hummaren er eit nattdyr og lever av alt han kan finne på havbotnen.
Det går an å fiske hummar med all slags typar teiner, men enkelte er betre enn dei andre.
Hummar av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.