Gilde økter i grindebygget
Grindbygget som vart reist på Kvernhushaugen ved skulen vår er populært. For mange elevar er det ein plass der dei kan samlast og prate og leike, eller ein frisk og fin utestad når det regnar og blæs og det er litt tungvint å tre på seg oljehyre. Kvar onsdag litt før elleve er rektor Atle ein tur oppom grindebygget, og snart kjenner ein røyklukt av god og tørr bjørkeved. Kven er det han fyrer for ?
Plassering i kart
Grillfest i grindebygget
Svaret kjem når middagsstunda tek til. Ein heil flokk jenter og gutar, mest frå barnetrinnet, samlar seg kring bålet og fyrbøtaren, og velutstyrte er dei med både mat og drikke. Somme har jamvel pølser med som dei grillar. Ei skikkeleg feststund vert det, og bornar deler raust på pølsene. Hender det ein dag at rektor er vekke på eit møte eller liknande og reservefyrbøtar ikkje er innleigd eller har gløymd plikta si, vert det eit skikkeleg vonbrot og ein real nedtur for gjengen. Kanskje er dette eit kreativt innslag på vegen mot eit varmt måltid for skuleelevane. Her er det i alle fall fleire som nyttar den sjansen.
Gilde økter i grindebygget av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.