Sidemeny+

Fjøreknapp (Cotula coronopofolia)

Posted on 9. nov 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Fjøreknapp

«Ballastplantar» er eit omgrep i norsk flora. Dette er plantar frå frø som vert førde til landet i skipslaster, og som spirer i sitt «nye heimland». Fjøreknappen er ein slik plante som du finn berre i Lærdal.

Heimlandet til planten
Fjøreknapp er ein opphavleg sørafrikansk art som vart funnen i ein rik bestand i Lærdal i 1875. Dette er einaste veksestaden i Norge, men på grunn av elveførebygging er bestanden no i ferd med å forsvinne.

Fjøreknapp
Den mest kjende «ballastplanten» i Sogn og Fjordane er nok Fjøreknappen som veks i brakkvass-sona ved utløpet av Lærdalselva. Dette er ein ca. 5-10 cm høg korgplante med gul blomst. Du finn lite litteratur om denne planten. Dette kan du lese på nettet: «I Lærdal har det vore mykje strid om fjørenappen skal få stå i fred i eigne vernesoner eller ikkje.» Dette er vel eit sitat frå fleire år tilbake i tid.

Det veks framleis fjøreknapp i Lærdal
Eg har i fleire år sett etter denne spesielle planten, men det er vanskeleg å finne han ved utløpet av Lærdalselva. I sommer fekk eg høve til å ta bilde av blomsten i hagen til Jonas Skjær som bur like ved sjukehuset i Lærdal. Det er ein eittårig plante der frøa overvintrar. Planten er sikkert viltveksande i soner langs Lærdalselva og, men det er fint at enkelte tek vare på planten i hagane sine. Jonas kunne fortelje at han henta heim planten for 40 år sidan.

Reguleringsplan for Lærdalsøyri
«15 daa sentrumsareal m/strandeng, del av elvedelta, voksested
for sjelden plante; fjøreknapp) fra 1988 ble opphevet i
1992. Området er omregulert til friluftsområde i tilknytning til Villakssenteret».

CC BY-NC 4.0 Fjøreknapp (Cotula coronopofolia) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kjelder: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fortalt av : Jonas Skjær