Sidemeny+

D/S St. Svithun 1943

Posted on 15. nov 2006 by in Arbeidsliv

Torsdag den 30 september vart hurtigruta St. Svithun bomba av allierte fly.

Plassering i kart

Då fartøyet hadde passert Ervika på Stadt, blei det angripe av seks allierte jagarfly på tokt frå England, sjølv om St. Svithun var godt merka med namn og norske flagg. Mellom Vossa og Buholmen kom dei seks allierte flya og slapp først fosforbomber. Kapteinen meinte at skipet vart truffe av jernbomber med eksplosiver. Det seiast at flya også brukte mitraljøser mot skipet. Kapteinen styrte skipet til land rett innanfor Buholmen, og traff Kobbeholmen. Heile midtskipet stod i brann. Ein av matrosane om bord greidde å symje over til Kobbeholmen og fikk dradd ei tjukk trosse over til holmen. På den trossa var det mange som berga seg over til land. Bygdefolket i Ervik klarte å berge 57 stykker før det ble helt mørkt. Men 19 stykker ble igjen på holmen, til neste dag på grunn av det blei for mørkt til å berge dei. Dei redda til saman 76 menneskeliv i store dønningar og kraftig sjø.

Men den eigentlige grunnen til at St Svitun ble bomba, var at då den kom nordfrå til Ålesund hadde dei med 50 tyske soldatar. Men desse gjekk i land i Ålesund og tok ein annen båt D/S Havda, sørover. St Svitun gikk frå Ålesund ca en time etter Havda. Dette båtbytte viste de allierte ikkje om. Til minne om tragedien er det reist eit lite kapell nede ved stranda i Ervika. Skipsklokka blei seinare berga før skipet glei av grunnen og sank på djupt vatn. 50 passasjerar og mannskap blei drept.

Om skipet:
Bygd: I Danzig i 1926/27.
Lengde: 225 fot.
Tonnasje: 1375 br. reg. t.
Hovdemotor: Dampmaskin 1650 hk.
Fart: 14 knop.

CC BY-NC 4.0 D/S St. Svithun 1943 av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Daniel D. Hatlenes 2006
Klassetrinn: 9. kl
Kjelder: Sjå Lenker
Kommune: Ervika