Sidemeny+

Blåstrupe Bjellefugl, vidjespelar. Luscinia svecica

Posted on 4. nov 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Blåstrupe

Du må nok litt høgt til fjels for å treffe denne eventyrleg vakre fuglen. Hannfuglen kan ikkje forvekslast med andre fuglar. Hofuglen manglar det fargerike «smykket» som hannen har. Dei ytterste fjørene på stjerten er rustraude hos begge kjønn.

Plassering i kart

Utsjånad
Blåstrupen er liten og slank med lange, tynne bein. Med sine 13-14 cm er han noko mindre enn ein gråspurv. Hannen si karakteristiske fjørdrakt er vakker. Han har eit klårt, blått smykkeparti som i nedre kant blir avgrensa av ein smal svart og ei breiare rustbrun stripe. Hjå hofuglen er strupe og bryst kremkvite med eit halsband av mørke småflekkar. Eldre hofuglar kan også ha innslag av blått. Typisk for begge kjønn er gråbrun isse og rygg, kvit buk, kvitaktig overaugestripe og rustbrune felt på sida av stjerten.

Utbreiing
Hekkeområdet strekkjer seg som ei brei stripe – frå den sørlige tundraen i nord til steppesonene i sør; tvers over heile Eurasia frå Atlanterhavet til Stillehavet. Ein kan også treffe på blåstrupen lengst vest i Alaska. Tettheten av blåstrupe varierer sterkt innanfor utbreiingsområdet. Mest talrik er arten i skogstundra- og skogsteppeområde.

Hekking
Blåstrupen foretrekkjer å hekke i halvåpen krattskog i nærleiken av vassdrag. I nord er han vanlig i skogstundra, men unngår så vel trange taigabiotoper som naken tundra.

Levemåte
Blåstrupene på Nordkalotten overvintrer i Nord-Afrika og i dei sørlege delene av Asia fra Middelhavet til Nord-India. Til hekkeplassane på Nordkalotten kjem blåstrupen vanligvis i andre halvdel av mai. Hannane kjem fyrst og hofuglen nokre dagar seinare. På den tida set hannane i toppen av tre eller busker og syng intensivt. Dei er difor lette å leggje merke til.
Dei blir ca fire månader på hekkeplassen. I løpet av denne perioden må fuglane både gjennomføre hekkinga, som tek 40-45 dagar, og skifte fjørdrakt (myte). Blåstrupen byggjer reir på bakken, og hoa legg vanlegvis 5-6 egg i juni.
Egga er blågrøne med utydelege raudbrune flekkar.
Det er berre hofuglen som rugar i 12-14 dagar, men begge kjønn tek del i matinga av ungane, som blir 11-14 dager i reiret. Maten er for det meste insekt som blir fanga på bakken. Dei siste blåstrupane reiser frå Nordkalotten i første halvdel av september.

CC BY-NC 4.0 Blåstrupe Bjellefugl, vidjespelar. Luscinia svecica av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Roger Strømmen Kolset 2008
Klassetrinn: 9B
Kjelder: www.birdlife.no
Kommune: Svinestranda