Aarsheim AS
Aarsheim A/S er det eigentlege navnet så vart starta i 1987 av fire stykk, ein av dei Geir Rune Aarsheim
Plassering i kart
Første året var ein suksess der dei tjente 10 millionar, noko som tilsvara 15 -16 millionar i dag. Dei har kjøpt og selt båtar mange gangar. Første båt heite Bømelgutt, men dei ga båten namnet Aarsheim Senior. Denne båten selde dei i 1997. Nytt kjøp igjen, båten heite Leinefisk, men også denne fekk namnet Aarsheim Senior. Det er 4 medlemmar i rederiet, og det er ca 20 ansatte på båten. Kvar tur er det ca 13 mann ute og 7 inne.
Dei brukar å ha sju turar ut kvert år, der dei fiskar; longe, brosme, torsk og hyse, men det varierar. Kvart år får Aarsheim A/S inn om lag 12 hundre tonn fisk. Verdien på fisken varierer. Er valutaen bra får dei eit godt år. I 2003 og 2004 gjekk det dårleg med fiskeriet deira. Då gjekk økonomien i berg og dalbane. Men det gjekk bra til slutt.
-
Den einaste båten dei har no i øyblikket Foto: Aarsheim AScbn
Dei som jobbar på båten i tilegg til norske fiskarar er polakkar, amerikanarar og svenskar. Dei har ikkje så mykje unge arbeiderar fordi Fiskedepartementet stiller strenge krav til ungdommen. Det er eit psykisk og fysisk hardt liv på sjøen, og ein veit aldri kva man tener før man er i land etter 6-7 veker. No i 2006 vil bli rekordåret for brutto inntekt, ca 31 millionar kjem Aarsheim A/S til å få inn.
Aarsheim AS av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.