Sidemeny+

Utvandring frå Thorsnes.

Posted on 31. okt 2006 by in Historie

Foto: Luisa Krokumall-rights-reserved

Selsengsva

Nede ved sjøen på Thorsnes ligg det eit sva som heiter Selsengsva. Det er eit namn som knyter seg til den tida gardsfolka på Thorsnes reiste til Amerika,og det kom nye folk og tok over    

Plassering i kart



Selsengsva 


 


Nede ved sjøen på Torsnes ligg det eit sva som heiter Selseng-sva.Det er flatt på toppen og det er skrått ut i sjøen.I 1850 kom ein mann roande og drog båten sin i land ved dette svaet.Han heitte Trond Selseng.Han hadde kjøpt ein gard på Torsnes og ville bli bonde der.Folka på garden hadde drege til Amerika i 1847.Dei selde garden til ein som heitte Ola Husabø.Men alt i 1850 selde han vidare til Trond.


Trond hadde vore skreddarmeister i Bergen før han kom til Torsnes.Han var gift med Ingeborg som kom frå Tyskland.


 


Reisa til Amerika.


 


I 1847 reiste familien på bruk 1 på Torsnes til Amerika.Dei tenkte at det var lettare å få seg arbeid der.Dei som reiste heitte Brita og Eirik.To av onklane til Brita var og med.Den eine hadde mist kona si, men han hadde 6 born.Den andre hadde med seg ei kone og eit barn.Eirik og Brita hadde ein son på 1 år,og ein fosterson.Den 28. april reiste dei.Til saman 14 personar reiste frå Torsnes til Amerika denne dagen. 


Året etter reiste bøndene på nabobruket til Amerika også.Kristofer Underdal  heitte den nye bonden på den garden.                             

CC BY-NC 4.0 Utvandring frå Thorsnes. av Lars H. Ese er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Luisa Krokum,2006
Klassetrinn: 7.kl
Kjelder: Gunnar Urtegaard,Balestrand.Gard -og ættesoge,bind 2. Muntlege kjelder: Oddrun Thorsnes
Kommune: Thorsnes