Toppen på Selja!
»Toppen på Selja» er ein kort gåtur frå Bø, der skyssbåten frå Selje til Selja legg til.
Plassering i kart
Du tar båt ut til Bø og følgjer vegen til eit kvitt hus med røde lister. Bak huset er det ein sti som går til eit kryss, derifrå følgjer du stien til varden. På vegen opp er det mange fine plassar, toppen ligg ein 20 til 30 minuters gåtur frå Bø. Når du er på toppen og skal ned att, kan du gå same vegen tilbake eller du kan gå ned til klosteret og vidare rundt Selja.
Toppen på Selja! av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.