St.Albanus kloster på Selja

Bilete av St.Albanus kyrkja
Selje kloster er det nye namnet på ruinane på øya Selje ved Stadhalvøya.
Plassering i kart
Klosteret var opprinneleg viglsa til St. Albanus og vart grunnlagt i 1103. Frå ca 1068 fram til 1170 var det også bispesete på same staden.
Ruinane ligg p卸ya Selja i Selje kommune i Nordfjord. Fram mot slutten av 1300-talet var dette klosteret ein av det viktigaste kyrkjelege stadane i Noreg. I denne tida vart det òg drive «hotellverksemd» for reisande som måtte vente på godt vêr for å komme rundt Stad.
Klosteret på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilage staden i Noreg. Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde frå Irland då ein vikinghovding ville gifta seg med henne. Ho vart seinare utropa til helgen.
Kong Olav I Tryggvason bygde ei kyrkje her i 996. Noreg vart delt inn i bispedøma Selje, Nidaros og Oslo i 1068.
-
Bilete av St.Albanus kyrkja Foto: Ole Andreas Solheim 2006all-rights-reserved
-
Steinruinar fra St.Albanus kyrkja Foto: Ole Andreas Solheim 2006all-rights-reserved
-
Den heilage Sunniva bekken Foto: Ole Andreas Solheim 2006all-rights-reserved
-
Den bratte trappa frå toppen av kyrkja. Foto: Ole Andreas Solheim 2006all-rights-reserved
-
Utsikt frå St.Albanus kyrkja Foto: Ole Andreas Solheim 2006all-rights-reserved
St.Albanus kloster på Selja av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.