Sidemeny+

M/K «THORSNES»

Posted on 31. okt 2006 by in Arbeidsliv

Fraktebåten frå Sværefjorden, bygd på Thorsnes. Den for vidt omkring med last, post og passasjerar.

Plassering i kart

Eigar: Erling Thorsnes

 

Lengd: 70 fot

 

Maskin: 50hk Wikman(1953)

 

Tonnasje: Brutto reg. tonn 47

 

Lasteevne: Dødv. tonn 70

 

Byggeår: 1933

 

 

Båtbyggjinga

 

Båten vart bygd på eigen slipp ved naustet på «Thorsnes».Brødrene Furevik  frå Hardanger leia arbeidet, Erling og sønene hjelpte til.

 

Materialane kom frå Amla.Furua var voksen der inne.Rekkestøttene var av eik.Dei hogg Alf i skogen på Vikane.Han slepa dei inn med robåt.Kjølen var av eik.Den vart hoggen på Målsnes.

 

Olav,eldste son til Erling tok skipperskulen i Bergen og blei kaptein på båten.I tillegg var det med to-tre mann.Brødrene Torleif og Alf segla med ein del.

 

 

Frakting

 

Båten frakta materialar og anna last frå Bergen til Trondheim.Om sommaren var «Thorsnes» i Nordland på sildesalting.Tomme tønner vart lasta inn i Dale og fylt med sild og salt i Nordland.Det vart og gjort mange turar til Namsos for å hente  trelast.

 

Då båten var på Thorsnes la dei til kai ved eiga bryggje.

 

Frå 1940 gjekk «Thorsnes» i ferjerute mellom Grinde og Ulvestad.

 

Båten tok del i det store sildefisket utafor kysten i fleire sesongar.Mange gonger gjekk «Thorsnes» til Haugesund med sildelast.

 

I ein lang periode var «Thorsnes» leigebåt for fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Den gjekk frå Bergen til Florø og Nordfjord med korn,formjøl og ymse anna last.Om sommaren  gjekk båten i turistrute på Sognefjorden.Seinare gjekk «Thorsnes» over i fraktefart for Einar Samuelsen i Bergen.Mellom anna frakta han tømmer frå Alma til Sunnhordland.

 

Atle Torsnes,son til Olav,blei då båtførar.

 

Han fekk skippersertifikat  08.05.65

 

«Thorsnes» vart seld i 1972.

 

 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 M/K «THORSNES» av Lars H. Ese er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Erlend Dale,2006
Klassetrinn: 7.kl
Kjelder: Muntlege: Atle Thorsnes
Kommune: Thorsnes,Sværefjorden