Sidemeny+

Meieria i Vetlefjorden. Lita bygd med to meieri.

Posted on 17. okt 2006 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Stian Midttunall-rights-reserved

Dette var meieriet på Feten.

I Vetlefjorden har det vore ei form for meieridrift frå 1890 åra og fram til like etter andre verdskrigen. Då byrja ein å levera mjølka til Vik meieri.

Plassering i kart

Opptakt.
Opptakten til meieriet var dette: Ein bonde på Mæland kjøpte mesteparten av mjølka i bygda og kinna og ysta i kjellaren sin.Resultatet vart så bra at det året etter vart innkjøpt ein stor seperator på garden Feten,og all mjølka i bygda vart stelt der. Røynslene frå desse to åra var gode,og bygdefolka bestemde seg for å byggja meieri.Det vart bygd på Ulvestad.Marie Eiken g. Andersen var ei av dei første meierskene der.

Thorsnes vert med.
I tillegg til mjølk frå Vetlefjorden,fekk meieriet og mjølk frå Thorsnes.Mjølka vart rodd til Ulvestad.Etter nokre år vart det meieri på Farnes.
Då tok bøndene på Thorsnes til å levera mjølka si der.

Meieriet vert flytta.
Etter nokre år vart meieriet på Ulvestad beslutta flytt til Mæland.At meieriet vart plassert der,kunne ha ymse grunnar.Mæland låg midt i bygda,og der kunne dei nytta vasskraft.Det var og ein naturleg stad om våren når føret eller vegen vart dårleg.Fremst i bygda kunne dei framleis nytta slede,medan bøndene nærmare sjøen kunne nytta kjerre.

Bygdestrid.
Flyttinga av meieriet førte til stor strid i bygda.Frontane stod steilt mot kvarandre.I tillegg til usemje om meierilokaliseringa,var det og målstrid,og frontane var stort sett dei same.«Landsmålsfolka» støtta meieriet på Mæland,«riksmålsfolka» ville ha meieriet på Ulvestad.

Dette førte til at Markus Eiken kjøpte det gamle meieriet,og flytte det til Feten.

«Riksmålsborka og Landsmålsbruna»
Bruka på Eiki, Ulvestad og Feten leverte i nokre år mjølka si der,så då var det 2 meieri i bygda.På folkemunne vart mjølka i desse åra køyrd til meieria med «Riksmålsborka» og «Landsmålsbruna».

Etter nokre år la striden seg,og vetlefjordingane samla seg om meieriet på Mæland. Det var i bruk til ein byrja levera mjølka til Vik meieriet.Meieriet på Feten står der enno, og har vore nytta som bedehus.Meieriet på Mæland vart rive.Det blei oppattsett  ein annan stad på Mæland som bustadhus.

CC BY-NC 4.0 Meieria i Vetlefjorden. Lita bygd med to meieri. av Lars H. Ese er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Midttun, 2006
Klassetrinn: 7.kl
Kjelder: Berit Flatheim. Muntlege.
Kommune: Vetlefjorden