Lihestklyvet 2006
Motbakkar er i skotet for tida, og di lengre og brattare, di betre. Såleis skulle det liggja godt til rette for at mange brattbakkeklyvarar legg turen til Lifjellet andre sundagen i juni.
Plassering i kart
Turløp med tradisjonar
I 2006 var det syttande gongen Lihestklyvet vart arrangert. Ingen har vore med på alle turane til topps, men på siste klyv var det to personar, Ingemar Nordstrand og Bjørn Kristian Berge, som fekk statuett for femtande gongs deltaking.
Starten går
Dei fleste turgåarar startar på Lekva, og der finn du gode parkeringsplassar. Dei fleste gongane marsjen har vorte arrangert, har det også vore høve til å ta båt til Storaker, og gå mot Gygrekjeften frå vest. Ein flott tur med litt mindre kneikar, men du brukar nok 1 – 2 timar meir om du vel denne ruta.
Trim og trollskap
Dei fleste som har vitja Lifjellet ein gong, kjem att for å bli kjend med andre deler av platået, for viddene der oppe er større enn du anar. Dei fleste stadene er det også greitt og lett å ta seg fram, for stiane går mykje over berggrunn. Dersom du går på dei stiane som er merka, skulle du også vere rimeleg trygg om uver eller skodde kjem på deg. Trimbøkene som ligg på Gygrekjeften, 3 L-stølane og Risnesnipa vitnar om mange fornøgde turgåarar frå heile Europa.
At gygra og andre kvinnelege trollvesen likar seg godt kring nut og søkk, gjer ikkje Lifjellet mindre spanande.
Då snakkast me på Lihestklyvet i juni !
-
Gygretanna – spanande og litt nifs å sjå på frå kanten på stupet. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Rast ved rennande vatn. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Ein trufast gjest på Lihestklyvet, Bjørn Kristian Berge. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Idyll på Lifjellplatået Foto: Håkon Haukøycbn
-
Nydeleg ver på Lihestklyvet 2006 Foto: Håkon Haukøycbn
-
Ned Lundelandsstien. Her vart buskapen teken opp og ned frå 3 L-stølane før i tida. Foto: Håkon Haukøycbn
Lihestklyvet 2006 av kristian_hjelmeland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.