Sidemeny+

Elvesnelle (Equisetaceae fluviatile)

Posted on 2. okt 2006 by in Dyreliv

Elvesnelle er ei urt i snellefamilien. Den har eigentleg to namn, elvesnelle og skjeftegras. Elvesnella blir 40 til 100cm. høg og har hol stamme. Før vart den brukt mot ulike lidingar som foreksempel blødning. Den veks i vatn, elvar og våt jord over heile landet.

 

Utsjånad:

Stengelen er grøn med glatte veggar. Den lettaste måten å skilje den fra andre sneller på er den hole stengelen. Oppetter stengelen er det små brune ledd som lett kan brytast av. Akkurat i ledda er ikkje planten hol. Blad kan førekomme på nokre elvesneller mens andre manglar dei. Blada veks i kransar ut frå ledda. Kransane har ca. 20 spisse blad. På toppen av stengelen finn du sporehuset, det er brunaktig slik som ledda.

Bruksområde:

Nokre stadar som foreksempel i Pasvik vert elvesnella brukt til dyrefor. I Ellenvatnet, i Finnmark, vart det hausta og hersja elvesnelle fram til midten av 60-talet, men i Pasvikelva er haustinga viktig for bøndene fortsatt.Snella brukast til reinfor. På visse tider tar bøndene med seg dei nyslipte ljåane ut i elva for å slå. Dei går oppover elva og slår store mengder gras som blir slepte på land. Her hersjar dei planten og når den er tør tar dei den inn og brukar den til reinfor gjennom vinteren.

Slektningar:

Elvesnella har nokre slektningar, den mest kjende er kansje kjerringrokken. Kjerringrokken var kjendt langt tilbake i tid. Dei gamle romarane brukte den til skuring av koppar og kar. I middelalderen vart den brukt til skuring av kopar og sink. På grunn av det høge innhaldet av vitaminar og minneral blir den i dag brukt i urtemedisin.

Forveksling:

Snellene kan vere ganske like. Om du er ute for å hauste ein av dei må du vere sikker på at du tar den rette. Elvesnelle er godt for rein og andre dyr, men den liknande slektningen myrsnelle som den kan forvekslast med, er giftig. Spesielt for storfe men og får andre husdyr og menneske.

CC BY-NC 4.0 Elvesnelle (Equisetaceae fluviatile) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håvard Hovstad 9. kl 2011
Kjelder: KJELDER: friluftsliv.tbt.no urteguiden.no snl.no
Kommune: Røsskleivdalen