Sidemeny+

Steinkobbe Phoca vitulina

Posted on 23. sep 2006 by in Dyreliv

Steinkobben er ein av dei minste selane i norske farvatn. Du kan ofte sjå han inne i fjordane på Vestlandet. Desse to eksemplara tok seg like godt ein tur heilt inn på badestranda ved campingplassen på Sandane.

Plassering i kart

Steinkobbe
Hannen er litt større enn hoa som kan bli 150 cm lang og veg ca 80 kilo. Ho blir kjønnsmoden ved 3-4 årsalderen og hannen i ein alder av 5-6 år. dei kan bli opp til 36 år. Ungane vert fødde i slutten av mai eller fyrst i juli. Dei syg mora berre dei tre fyrste vekene, deretter et dei botnlevande krepsdyr. Seinare vert hovedføda fisk. Dei lever for det meste på sild og torsk.

Truslar
Norske styresmakter har i store delar av vårt hundreår gjennomført kampanjar for å utrydde eller redusere bestanden av kystsel (steinkobbe og havert). Det har vore skotpremie på desse sjøpattedyra.
I 1988 vart steinkobbebestanden i Nordsjø-området ramma av ein virusepidemi. Det vert rekna med at opp til 60 % av bestanden i desse områda døde under epidemien. I dag er bestanden igjen på same nivå som før dette skjedde.

Jakt
Heilt frå steinalderen har det vore jakta på steinkobben langs norskekysten til lokalt bruk. Frå 1997 er det innført kvotejakt på steinkobbe.

CC BY-NC 4.0 Steinkobbe Phoca vitulina av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kjelder: Norsk Zoologisk Forening. Rapport 5.
Kommune: Sandane