Sidemeny+

Skogstjerne Nøkleblomstfamilien (Trientalis europaea)

Posted on 10. sep 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Skogstjerne

Denne planten er vanleg i Sogn og Fjordane. Blir opp til 20 cm og har 5- 7 kvite, spisse kronblad som av og til kan ha eit raudskjer. Blomstrar frå mai til juli.

Plassering i kart

Blomsten
Skogstjerne blomsrar til vanleg i mai/juni. Frå stilken kjem det til vanleg berre ein lang blomsterstilk (av og til to) med ein kvit blomst på. Du vil som regel sjå 7 (6) kvite kronblad.
Grei plante å kjenne igjen. Dei store blada sit kransstilt høgt oppe på stilken og i toppen sit den stjerneforma kvite blomsten. Blomsten veks like godt i låglandet som høgt til fjells.

Frukt
Frukta ser ut som ein liten ball… volleyball eller tennisball. Inne i denne er det mange frø som vert spreidde om vinteren.

Skogstjerne og linnea
Skogstjerna var i lag med linnea, ein av Linne sin favorittblomst. I Flora Lapponica frå 1737 skriv han om skogstjerna: «Jag vet ej,
hvilket blommans behag det är, som med sin
tjusningskraft så bländar ögat,
att åskådaren vid dess åsyn tyckes nästan blifva
förhäxad; kanske beror detta på symmetrien,
all skönhets moder!».

CC BY-NC 4.0 Skogstjerne Nøkleblomstfamilien (Trientalis europaea) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset
Kommune: Valborgkleiva