Seksflekka bloddråpesvermar (Zygaena filipendulae)

Bloddråpesvermar på myrull
Bloddråpesvermerane har fått namnet pga dei karakteristiske raude flekkane på framvingene til mange av artane. Dette mønsteret skal varsle eventuelle predatorar om at det smakar vondt. Varselet er reelt, for det er påvist at mange av dei nyttar blåsyre som sitt forsvar.
Plassering i kart
Bloddråpesvermarane
Bloddråpesvermarane har omlag 1000 arter som er kjende. Desse vert igjen inndelt i 5 underfamiliar. Den største underfamilien Procridinae (metallsvermarar), har ti arter i dei nordiske landa og i Norge kan vi finne 6 av dei. Alle desse 6 artene overvintrar som unge larvar i Norge. Dei forpuppar seg og blir klekte neste sommar.
Bloddråpesvermarane er «solskinsdyr» som treng opne blomsterrike område. Dei svermar som regel midt på sommaren. Larvane utviklar seg på forskjellige erteplantar som vikker og tiriltunge.
På grunn av endringar i kulturlandskapet har mange bloddråpesvermarar gått sterkt tilbake.
Gift som forsvar
Vingeteikningane som alle bloddråpesvermarane har, gjev signal om at dei er giftige og at dei smakar vondt. Nokre av artene brukar faktisk blåsyre til å forsvare seg med. Ein fugl som overser varselet og fell for freistinga til å smake ein slik sommarfugl, vil nok raskt spytte han ut att og seinare avstå for slike smaksprøver. Blåsyra er som mange veit, svært giftig.
Likar seg best i blomsterenger
Sjølv om den seksflekka bloddråpesvermaren er vanleg, har mange av dei andre artene gått drastisk attende dei siste åra. Bloddråpesvermarne trivst på blomsterengar, og når disse blir borte, så forsvinn også sommerfuglane. Den mest trua arten er stor bloddråpesvermar (Zygaena lonicera) som har blitt heilt borte frå austlandsområdet, men som fortsatt er vanleg nokre stedar på Vestlandet
I høgfjellet
I Nord-Norge finn vi fjelldråpesvermaren (Zygaena exculans) som held seg berre på høgfjellet. Av og til kan dei opptre i svært store mengder. I motsetning til dei andre artene i familien, er raudfargen hjå fjellbloddråpesvermaren bleikare og det svarte er tydeleg gjennomskinleg og ikkje glinsande svart.
-
Bloddråpesvermar på myrull Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Bloddråpesvermar Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Seksflekka bloddråpesvermar (Zygaena filipendulae) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.