Sidemeny+

Oter

Posted on 9. sep 2006 by in Dyreliv

Foto: Dagfinn Nyhammerall-rights-reserved

Oter på nært hald

Oter høyrer til mårdyra og held seg som regel langs stranda og i sjøen. I dei seinare år har han hatt ein tendes til å jakte på og skremme fisk langt opp gjennom lakseelvane på Vestlandet. Han har til og med vore observert i hagane til folk, langt frå strandlinja.

Plassering i kart

Oter
Det kan fort bli konflikt når eit freda dyr som oteren, aukar slik i antal at det går utover storauren som og er freda. Laksen kan bli både skremd og beita på av dette dyret. Sjølv om dette har vore eit problem i det siste, vil ikkje fylkesmannen gje fellingsløyve på så altfor mange oter.

CC BY-NC 4.0 Oter av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeet
Kommune: Elvaneset