Øyenstikkar (Øyenstikker) Orthetrum cancellatum
Øyenstikkar har ufullstendig forvandling. Fyrste året lever han som eit rovdyr i vatnet. Ut på sommaren kryp han opp på eit siv, kjem seg ut av skalet sitt og pumpar blodvæske ut i dei lange fine vengene sine. Så legg han ut på dei akrobatiske flygeturane sine. Merk deg at namnet bør ikkje skremme nokon, for øyenstikkaren er heilt harmlaus for menneska, han er ikkje i stand til å stikke.
Øyenstikkar
Det er registrert 5000 arter i heile verda og i Norge kjenner vi 46 arter fordelt på 9 familiar. Larvestadiet er i vatn der han lever som eit rovdyr. Underleppa blir ei fangstmaske som han skyt fram for å fange eit bytte som av og til kan vere større enn han sjølv. Øyenstikkaren har ufullstendig forvandling. Overgangen frå egg/larve til den vaksne kjønnsmodne insektet går gradvis gjennom fleire nymfestadier. I siste nymfestadiet kryp han opp av vatnet og fester seg til eit strå/siv. Etter kort tid revner nymfehuda og det vaksne insektet kan krype ut. Blodvæske blir pumpa ut i vengene som brettar seg ut og huda herdar. Etter nokre timar er øyenstikkaren på vingene.
Som bildet viser har hannen nokre broddliknande «tenger» på bakkroppen som han festar i hoa sin nakke. Hoa fører så bakkroppen sin under brystet til hannen slik at dei under befruktninga lagar eit «paringshjul». I denne stillinga kan dei og flyge rundt (tandem). Hoa dukkar ned i vatnet når ho skal legge egga sine.
Øyenstikkar (Øyenstikker) Orthetrum cancellatum av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.