Frustabburet

Bjørketun på Torsnes. Fru-stabburet ligg i skogen over høgre biletkant.
På bruket Bjørketun på Torsnes,ligg det i utmarka mange kjempestore steinar. Ein av desse steinane kallar vi « Frustabburet
Plassering i kart
Fru-Hans
I 1860 åra kom ein mann frå Vangsnes og busette seg på Bjørketun. Han vart kalla Fru-Hans. Mor hans var dotter av ein løytnant og truleg tykte ho at ho var av fin slekt. Dette var grunnen til at sonen vart kalla Fru-Hans. Plassen vart og ei tid kalla Frulandet. Vi kan lese meir i bygdeboka for Balestrand om Hans Vangsnes og kona hans.
Eit godt stabbur
Fru-Hans laga seg eit slags stabbur i skogen under ein av dei kjempestore steinane. Om sommaren var dette ein fin plass til å lagre fisk og kjøt, for der var det kaldt. Troene han hengde maten på kan vi framleis sjå restane etter. I seinare tid brukte dei «stabburet» m.a. til å lagre lauvkjervar. Bror til Fru-Hans reiste til Amerika og vart oldefar til Walter Mondale. Walter Mondale vart visepresident i USA.
-
Bjørketun på Torsnes. Fru-stabburet ligg i skogen over høgre biletkant. Foto: Karianne Melandall-rights-reserved
-
Mellom desse steinane blir det kalla Frustabburet. Foto: Inga Midttunall-rights-reserved
-
Frustabburet Foto: Inga Midttunall-rights-reserved
Frustabburet av Lars H. Ese er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.