Sidemeny+

Butikken på Farnes

Posted on 28. sep 2006 by in Arbeidsliv, Bygning, anlegg og arkitektur

Foto: Andreas Langeteigall-rights-reserved

Slik ser det ut på Farnes i dag. Legg merke til namnet på oljeselskapet. Det vart laga eit eige namn for å få høve til å selja bensin.

Frametter heile nittenhundretalet var Farnes senteret i Sværefjorden. Der var det ekspedisjon, post og telefon,butikk,skulehus og ungdomshus.

Plassering i kart

Ekspedisjon på Farnes

Mons Farnes starta ekspedisjon på Farnes på slutten av 1800-talet, og i 1901 bygde han kai. Bygdafolka i Sværefjorden lurte på om Mons kunne starte handel og, så dei slapp å ro til Lundsviki til handelsmann. Det ville han, og i 1902 starta han butikk . Butikken var i eit rom i ekspedisjonen. Seinare bygde han eige hus til butikken. Dottera Gjertrud og mannen tok over butikken i 1919 og dreiv han i mange år. I 1948 kjøpte Harald Menes butikken av Gjertrud.

Butikken blir flytt

Muren under butikken byrja å siga ut. Dei jekka han fyrst opp ein gong. Men muren seig meir, og dei vart redde for at han skulle rasa ut. I 1958 bestemde dei seg for å flytte heile butikken. Tidleg i mai starta Torleiv Farnes det førebuande arbeidet. Det var svært komplisert. Sjølve flyttinga måtte føregå om natta, for butikken måtte haldast open. Torleiv fekk låne nokre høgspentstolpar. Han jekka opp huset og fekk lagt stolpane under. Så vart huset drege på stokkane til staden der det står i dag.

Eit vanskeleg arbeid

Fredag 30. mai starta arbeidet med sjølve flyttinga. Torleiv hadde to vossavinsar som skulle dra huset. Men dei drog litt for fort. Han fekk låna taljane frå to steinbukkar for å få det til å gå saktare. Alt måtte skje etter stengetid fredags kvelden. Dei lirka og flytte på huset heile natta. Ut på morgonkvisten måtte Torleiv stoppe arbeiet, for folk skulle på butikken på laurdagen. Torleif arbeidde heile dagen med å gjera klar til vidare flytting. Etter stengetid starta dei oppatt. Søndag morgon var huset på plass, og Torleiv kunne gå heim for å kvile. Då hadde han ikkje vore i seng på femti timar. Etter dette starta han med å løfta opp huset. Han jekka opp eine enden av huset om gongen, og laga mur innunder. 28. juni var han ferdig med arbeidet. Då sto butikken ferdig med ny kjellar.

Frå landhandel til turistverksemd

Butikken og verksemda rundt vart gradvis utbygd. I 1966 vart det støypt kai,og eit par år seinare vart det lagt ned bensintankar. I 1979 overtok Inge foretninga. Etterkvart fekk kaia mindre og mindre betydning for foretningsdrifa. Det vart og vanskelegare og drive daglegvarehandel i Fjordane. I 1993 bygde han nokre utleigehytter og turisme er no vorte den viktigaste intekstkjelda.

CC BY-NC 4.0 Butikken på Farnes av Lars H. Ese er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Andreas Langeteig 6. klasse, 2006
Kjelder: Urtegaard, Gunnar:Balestrand.Ættesoge Munnlege kjelder: Inge Menes, Torleif Farnes
Kommune: Sværefjorden