Sidemeny+

Vandrefalk (Falco peregrinus)

Posted on 5. aug 2006 by in Dyreliv

Vandrefalk er den raskaste fuglen vi kjenner. Han kan kome opp i ein fart på over 300 km i timen. Det har vore ein vandrefalk i Gloppen som fleire har lukkast å ta bilde av. Det viser seg at han har både kråke og storspove på menyen.

Plassering i kart

Vandrefalk
Dette er ein middels stor falk på storleik med ei godt vaksen kråke(omlag 38-53 cm lang). Vingespennet er på ca. ein meter. Hannfuglen er minst og veg 570-710 g medan hofuglen har ei vekt på 910-1190 g. Utifrå det ein har sett av fuglen i sommar og observasjonar i hekkeperioden, er det sansynleg at han har bygt reir og fått fram ungar dette året.
Han byggjer ikkje reir, men legg egga rett på bakken på ei grasgrodd hylle i ein elles bratt fjellvegg. Gamle ramn- og rovfyglreir kan av og til bli brukt. Hekking i april – juni. 3-4 gulkvite egg med tette raudbrune flekkar. Ungane er på vengene etter 35-40 dagar.
Han kjem i mars/april og reiser att i september – oktober.

Rask flygar
Denne fuglen kan kome opp i større fart enn nokon andre fuglar vi kjenner. Han jaktar høgt oppe, og når han stuper mot byttet, kan farten kome opp i over 300 km/h. Det er registrert fart heilt opp i 390 km/h.

CC BY-NC 4.0 Vandrefalk (Falco peregrinus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Erik Slagstad 9b 2006
Kjelder: Våre fugler: Svein Haftorn og Bjørn Ursing
Kommune: Gloppen