Sidemeny+

Grevling, Svintox (Meles meles)

Posted on 13. aug 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Grevling i Lærdal

Det er ikkje ofte du treffer grevling i Sogn og Fjordane. Denne grevlingen møtte fotografen på snaufjellet i Lærdal.

Plassering i kart

Utsjånad
Grevling (Meles meles) er eit kraftig bygd mårdyr som er utbredt over heile Eurasia. Den norske stammen er aukande, og det er funne hi heilt nord til Mo i Rana. På Sørlandet, der det mestav han, og der kallar dei han for svintox.
Grevlingen er lett å kjenne igjen på den karakteristiske svarte stripa over hovudet og den kraftige bygninga. Grevlingen ligg i hi om vinteren. Når han går ut av hiet om våren kan grevlingen vege 7-9 kg og utover sommaren feitar han seg opp slik at han kan vege godt over 15 kg om hausten. I Europa er det rapportert omdyr på opptil 30 kg før vinterdvalen.
Grevlingen et det meste, men er spesialist på meitemark.

Levevis
Grevlingane lever i familiegrupper, klanar, som oftast tel mellom tre og ti dyr, men dei kan i nokre tilfelle være på meir enn 30 dyr. Klanen held til i et territorium som dyra forsvarer mot andre artsfeller. Territoriet blir markert ved duftmarkeringar med sekret fra nokre kjertlar som munnar ut ved endetarmsåpninga, samt med urin og ekskrement.
Heimen, som er ei underjordisk hole, inneheld eit eller fleire reirkammer, og har eit eller gjerne fleire inngangshol. Oftast ligg hiet i skråningar i lauv- og blandingsskog, helst med tett vegetasjon. Hiet kan også liggje i steinurer kombinert med lausmasser. I nærleiken er det gjerne lysningar og enger eller dyrka mark, og det er her dyra finn størstedelen av maten. Komplekse grevlingholer kan være brukt i hundrevis av år.

Nattdyr
Grevlingar er hovudsakleg aktive om natta. I dyra sin mest aktive periode i sommarhalvåret er dei på farten fra omkring solnedgang til fram mot soloppgang. Om vinteren går grevlingen i hi i Norge, og uteaktiviteten er minimal.

Formeiring
Hoa er kjønnsmoden i treårsalderen, mendan hannen allereie er kjønnsmoden som eittårig. Frå tidspunktet då hoa sitt egg er blitt befrukta går det mellom to og åtte månader før egga sett seg fast i livmora for å utvikle seg der. Dette kallar vi ein embryonisk diapause. Når egga har sett seg fast, går det ca. to månader før ungane blir fødde. Som regel vert dei 2-6 ungane fødde i januar-mars.

CC BY-NC 4.0 Grevling, Svintox (Meles meles) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Niklas Austrheim 9b og Ane Bergljot Oftedal 9c 2006
Klassetrinn: 9. kl.
Kommune: Lærdal