Agatastølsvatnet og Skardavatnet
Utsyn frå Geitabotneggi mot Agatastølen og Skardavatnet.
Plassering i kart
Ved Agatastølsvatnet har det truleg vore gamal støl. Namnet tyder på det og truleg var det bønder i Esefjorden i Balestrand som i eldre tid hadde støl her. Me veit ikkje når og heller ikkje om det var kyr, geit eller begge delar. Stølsvegen frå Langedal mot Ese i Balestrand går bortover på venstre sida av Agatastølsvatnet og vidare på venstre sida av Skardavatnet. Like før den store, grå steinurda langs Skardavatnet er det eit svart, glatt svad. Dette skapte vanskar for buferdene frå Ese til Langedalen. I mange år var det utbetra sti her med jernboltar hogne inn i berget. No er dette borte. Beste staden å koma forbi er truleg å gå/vassa nede ved vasskanten.
Agatastølsvatnet og Skardavatnet av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.