Sidemeny+

Teist (Cepphus grylle)

Posted on 9. jul 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Teist på Lærdalsfjorden.

Teist er ein kolonirugar som hekkar langs kysten. Han kan og finne hekkeplass langt inne i fjordane. I Lærdal har det hekka ein kolloni i fleire år.

Plassering i kart

Teist er ein fugl som høyrer til alkefamilien. I Europa er teisten utbreidd langs heile kysten av Noreg, og elles langs kyststripene i Sverige, Finland, Nord-Danmark, Nord- Vest Russland, Nord-England, Island og Grønland. Denne fuglen vil du såleis ikkje kunne sjå i Gloppen. Det merkelege er at ein slik typisk kystfugl, hekkar inst i Sognefjorden; for eksempel i Lærdal.

Utsjånad
I sommardrakt er teisten svart med kvit vingeflekk, og lysande raude bein. I vinterdrakt er teisten gråkvit med mørkare flekkete overside. Ungfuglen er lik ein gammal fugl i vinterdrakt, men har ein litt mørkare vingeflekk. Nebbet er mørkt og smalt. Når fuglen flyg, ser vi at han har kvite vingekantar. Teisten er ei ca. 34 cm lang, og har eit vingespenn på opptil 52 til 58 cm.

Næring
For å skaffe seg mat, dykkar teisten under vatnet. Teisten sym under vatnet på jakt etter fisk, krepsdyr og ein del blautdyr. Han et også insekt.

Hekking
Teisten trekker til hekkeplassane i april. Om kvelden samlar dei seg i flokkar på steinar og knausar for å drive parringsleik. Reira ligg som regel gøymd under steinar , i bergsprekkar, eller i steinurer. Reiret er ei grop med grus eller jord som underlag, men egga kan og bli lagd rett på steingrunnen. Rugetida er om lag 29 dagar. Antalet hekkefuglar varierer mykje, men på gode plassar er det
observert over 1000 par. Dei nyklekka ungane vert mata stort sett med fisk i 40 dagar, då er dei flygedyktige og klar til å skaffe mat sjølve.
Låten er spe, utdregne piiiiiii og raske skjoraktige sipp ? sipp ? sipp.
For det meste stand- og streiffugl.

CC BY-NC 4.0 Teist (Cepphus grylle) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirik Hellerud 9b 2008