Sidemeny+

Sandlo (Charadrius hiaticula)

Posted on 9. jul 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Sandlo

Sandlo er ein vadefugl om lag på storleik med ein stare. Han er tettbygd, med ein markert svart krage og kvit halsring, svart augestrek og svart tverrband på issen bak den kvite panna. Denne fuglen er ikkje vanleg i Gloppen, men vart observert i Selvågane no i haust på veg sørover.

Plassering i kart

Utsjånad
Ca. 19 cm. Hann og ho er ganske like. Den svarte kragen, den kvite halsringen, dei svarte augestreka og den kvite panna er karakteristisk. Dverglo som han kan forvekslast med, har ikkje gulraudt nebb med svart spiss, eller gulraude bein som sandloen har. For å kunne sjå desse detaljane, må du kome nær fuglen eller sjå han i ein god kikkert.

Utbreiing
Sandlo er fåtallig i Sør – Norge, der han held seg ved kysten eller i enkelte fjelltrakter nær vatn. Han hekkar og på tundraen i nord. Reiret er ei enkel grop i sanden. I mai – juni vert det lagt 4 egg som hann og ho rugar på i 24-25 dagar. Ungane er flygedyktige etter 25 dagar. Føde: insekt og smådyr. I august/september trekkjer fuglen til Sørvest-Europa og Nordvest Afrika for å overvintre. I mars- mai kjem han attende til Norge.

CC BY-NC 4.0 Sandlo (Charadrius hiaticula) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Gyldendals store fugleguide
Kommune: Selvågane