Sidemeny+

Stadnamn på Eide gard

Posted on 19. jun 2006 by in Landskap

Foto: Aleksander Eidecbn

Eidevika

Dette er eit oversyn over ein del stadnamn på garden Eide på Åfjorddalen i Hyllestad kommune. Registrering av namn og bilete av nokre av plassane er gjort for å dokumentere og syne seinare generasjonar om dei ulike stadane.

Plassering i kart

Eide (ei?a)
Dette er namnet på matrikkelgarden som dei aller fleste namna er henta frå.
Namnet skriv seg vel frå at garden ligg på eidet mellom Espelandsvatnet og
Aksevatnet, endå det ikkje er noko markert eie der. Når folk skulle gå frå det eine vatnet til det andre, var det kortast og lettast å ta vegen over Eide.

Eidevika (æssvi:kja)
Ei vik i Esplandsvatnet går inn til garden Eide, derav namnet Eidevika.
Informanten veit ikkje årsaka til at den første lekken vert kalla ?æss?. Men det er truleg ei forkorting av Eide.
Sandbotnen i Eidevika har ført til at dette alltid har vore ein populær badeplass, både for bygdefolk og turistar.

Bjørkeneset (`bjørkene:se)
Dette neset ligg mellom Tryglevika og Eidevika ved Espelandsvatnet. Det har fått det namnet, fordi det veks bjørk der.
Åfjorddal bygdehus står i dag på Bjørkeneset.

Bjørkeneslia (`bjørkenesli:a)
Lia over Bjørkeneset er ein skrapslått. Informanten har sjølv vore med på å
slått graset inne mellom bjørkestammane der. Heimelsfolket kan og fortelje ei historie om denne skrapslåtten: Byrkjelands-bøndene ville ha noko av søre Bjørkelia, som Erik Eide hadde gjerda inne. Då bøndene kom og ville slå høy der om sommaren, kom det ikkje berre muntleg protest frå Ei?a-bonden.
Han treiv likegodt riva frå den eine og slo den av på ryggen hans. Då tok Byrkjelandsbøndene til beins og let høyet etter seg mot slike ?slåande? argument.
I dag er det plantefelt i den delen av Bjørkeneslia.

Hundedalen (hondeda:l?n)
Dalen ligg på sørvest- sida av Hundedalsåsen. Den er smal, nesten som ei gjel
i dalbotn er det ein del sumpar og holer.
Heimelfolket veit ikkje kva namnet skriv seg frå. Men dei kan fortelje at mange forsvunne fjorlam vart funne sundrivne i Hundedalen.
Det såg då ofte ut som at det var hund eller rev som hadde drept dei.
Det kan tenkjast at namnet har sitt opphav frå dei hendingane.

Hundedalåsen (?hondeeda:laos?n)
Høgdedraget mellom Hundedalen og Breimyra har fått dette namnet Hundedalsåsen ligg på ca. 215 m.o.m. Tydinga: jfr Hundedalen.

Høgda (?høgda)
Namnet treng eigentleg ikkje noko forklaring.
Det skildrar ein kolle, ei høgd i eit elles noko flatt terreng.

Instelia (?insteli:a)
På garden Eide er det tre stadnamn der lekken lia er med, enten som samansett eller usamansett. Instelia er den innerste av desse tre liene, sett frå husa på Eide.
Før vaks det mykje hassel i denne bratte lia.
I dag er der meir bjørk. Også nokre store bøkar står der. Desse er planta.

Kleneide (?kle:neie)
Vegen mellom gardane ved Espelandsvatnet og Aksevatnet går gjennom denne dalen. Dette var den lettaste og kortaste vegen å gå mellom desse to bygdene.
Difor har namnet på staden fått sistelekken eide.
Kleneide er ein smal og liten dal. Av den grunn er førstelekken klen.
Det ?tynd, small, sped. Det var ein husmannsplass på Kleneide.
Då Karl Eide, far til Torgrim, var liten, budde det ei Anne der. Ho vart kalla Klenei?anna og Domtromma. Det siste klengjenamnet var ho ikkje særleg glad for. Så ein dag ho kom på Ei?a sa Karl: ?No kjeme Domtromma.?
Då var ho snar til å svare:? Ditta ha?kje katen soge or sin eigen munn.?
Det budde i alle fall på husmannsplassen fram til 1880. Kor lenge etter den tid, veit ein ikkje.

Kleneidebakkane(?kle:neibakkane)
Det er bakkane på Nord-sida av Kleneide som har fått dette namnet.
Dei er ganske bratte og det veks lauvskog der.

Kleneidebotnen (?kle:neibåt?n )
Detter er strekninga frå Kleneide til vatnet.
Årsaka til namnet er at dette området er den nederste delen av Kleneide, botnen av Kleneide.

Kleneidehamrane (?kle:neihamrane )
Over ein del av Kleneidebakkane er det nokre hamrar.
Det er då ei naturleg forklaring på at desse blir kalla Kleneidehamrane: hamrar over Kleneide.

Kleneidereset (?kle:neirese )
I Alf Hellevik?s Nynorsk ordliste 1981 står det at res tyder det same som jordtrygg. På toppen av Kleneide er det ein slik rygg, rès, derav namnet Kleneiderèset.

Kletten (?klett?n)
Nordvest for husa på Eide er det ein høgd, ås. Denne ligg 160-170 m.o.h. og heiter Kletten I Aasen si ordbok s.364 står det: ?Klett, m, Bjergknold, Vynt, Kleint.? Det er to toppar på denne høgda.
Namnet Kletten gjeld for begge to.

Kolmila (?kå:lmi:la)
Det er eit gjel langs grensa til Eidsneset som har fått dette namnet.
Årsaka til namnet er også her uviss. Ein kan kanskje trekke ein parallell mellom Kolmila og milekol. Om det sistnemnte skriv Aasen: ?n, Kull som ere brønelte i Mile: (s.498 ). Om tidlegare brukarar brende kol på denne staden, veit ikkje informanten. Men også her er vel det truleg sidan staden har fått dette namnet.

Leikarvollen (?leikavåll?n)
Skulevegen frå Akse til Eidsneset gjekk forbi denne vollen.
Ein har fin utsikt over Espelandsvatnet derifrå.
Staden har fått dette namnet fordi barna ofte leika der oppe på den fine flata.
Det kunne vere både skulebarna og barna på garden.

Langegjelet (?långje:le )
Det er to gjel nær innmarka på Eide. Det er Langegjelet og gjelet.
Det førstnemnde er det lengste av desse to, men ikkje så mykje lenger enn Gjelet.
For å skilje desse to gjela frå kvarandre, kan det tenkjast at det lengste vart kalla Langegjelet. Heimelsfolket veit ikkje om denne tolkinga av namnet er rett.
Kan hende er dette gjelet vorte kalla Langegjelet berre fordi det er langt.
Det er ikkje sikkert at det har noko samanheng med Gjelet i det heile.

Legda (?lægda )
Aasen si tolking av namnet er ?et lavtliggende sted, en Flade eller Fordybning ved Siden av et Bjerg.? Denne skildring av eit terreng høver godt med dette beiteområdet på Eide. På oppsida av Lengda er det eit berg. Det kan ein og finne nokon stadar nedanfor. Sjølve Lengda er ei svak Skråning.

Lia (?li:a )
Heimelsfolket seier ?bort i Lia ? når dei snakkar om lia over Kleneide.
Denne lia er ganske lang. Ho går frå Kleneidereset til Bjørkeneslia. I dag veks det lauvskog der, mest bjørk. Før var Lia ein skrapslått.

Strinda (?strinda?)
Staden er ei smal, bratt remse med dyrka mark. Difor har den fått namnet Strinda. Denne tolkinga betyr ?eit avlangt stykke?.

Sauefjøset (?sauefjo:s?n)
Nord for Leikarvollen stod det ein fjøs. Denne vart brukt til å ha sauer i, derav namnet. Informanten kan ikkje hugse at den har vore i bruk. Det vil sei at den i alle fall har stått ubrukt sidan 1930. I dag er det berre steinmurane som står att.

Gamletunet (?gamletu:ne )
Nordaust for husa på Eide finn ein resta etter murane til dei gamle husa på garden. Det var Anders Andersen Systaddal som bygga nytt våningshus og nye utehus i 1880-1890.
Etter at brukarane flytta i nye hus, vart området der dei gamle store kalla for Gamletunet. Altså er dette namnet ca.100 år gammalt. I dag vert Gamletunet brukt som beite.

Gamle ungdomshuset (?gamle?ongdåmshu:se )
Under krigen hadde tyskarane mange brakke ved Lølands-brua.
Etter at krigen var slutt, i 1947-48, vart den eine av dei av flytta opp i Eidsneset.
Etter litt oppussing og ombygging vart denne brakka brukt som ungdomshus. I dag kan ein berre sjå restane etter det: murar, ein del av scena og golvet.
Huset vart nytta i ca.20 år.
I 1971 vart det nye ungdomshuset tatt i bruk. Dette er eit nytt namn, men det kjem truleg til å bli brukt lenge framover. Sjølv om ungdomshuset ikkje er i bruk i dag, nyttar folk i bygda dette namnet om denne staden.

Heline-åkeren (heli:neaokkr?n)
Då Anders Andersen Systaddal overtok garden på Eide, flytta kona på garden, Heline, ut i Kleneide. Der budde ho på kår. Ho hadde ein åker der.
Den vart kalla Heline-åkeren. I dag blir den og kalla Heline bakken, men det er eit yngre namn.

Helleberget (?hellebærje)
Dette berget har fått dette namnet fordi brukarane på Eide og Byrkjeland tok heller der. Hellene vart brukte til ytterkledning på utehusa blant anna på fjøset på Eide. Brukarane på Eide har og funne hellar andre stadar på garden .Desse har truleg vorte brukte som takkeheller i tuna og mellom husa. Namnet oppstod nok når dei byrja å ta heller der, så det er gammalt. At Helleberget vart verdifult for brukarane er heit klart. I 1874 var det åstessak mellom brukarane på Byrkjeland og Eide. Det gjaldt eigendomsretten til Helleberget. Dei kom til forlik om deling.

CC BY-NC 4.0 Stadnamn på Eide gard av aleksander_eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Aleksander Eide, 2006
Kjelder: Munnlege kjelder
Kommune: Eide gard ( Eidsneset)