Som den fyrste grein i Sognefjord

Solefall ved Sognesjøen
Bygdesongar er ikkje uvanlege på våre kantar, for det er mange som har kombinert kjærleiken til heimbygda med evna til å dikte. Dette er også tilfelle i Bøfjorden.
Teksten vart skriven av Halvor Nygård som var dyrlege, og tonen laga Olav Førsund som var lærar i Leirvik. Både Halvor og Olav budde i Bøfjorden.
Plassering i kart
Bøfjordsongen
Som den fyrste grein i Sognefjord
finn du Bøfjord rett mot nord.
Dei høge fjell med fure på,
gjer han alltid ven å sjå.
Finn du bylgja stor og sjøen vill,
har me her ei hamn so still.
Ligg her trygt for storm i ly,
til du kan dra ut på ny.
Her går vegar til så mang ein krok,
fram til folkerike strok.
Knyter saman alle oss,
her me bur ved fjord og foss.
Me har fossar med stor kraft i hand;
me har fruktbart åkerland.
Me har fisk og tømmerskog;
me har malm i fjella og.
Her kan verte både gildt og bra,
om lovar no i dag:
«Lenger fram med Bø i Sogn»,
er det mål me samlast om.
Tekst: Halvor Nygård Tone: Olav Førsund
-
Solefall ved Sognesjøen Foto: Håkon Haukøycbn
-
Blømande strandnellik ved Bøfjorden Foto: Håkon Haukøycbn
-
Ny båt ut frå Havyard Leirvik Foto: Håkon Haukøycbn
-
Handalsstølane Foto: Håkon Haukøycbn
-
Stormflo i Bøfjorden i 2005 Foto: Håkon Haukøycbn
-
Litt av eit byggverk – noko å vere stolt av. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Bøfjorden sett frå Sauesnuken Foto: Håkon Haukøycbn
-
Me har her ei hamn so still… Foto: Håkon Haukøycbn
Som den fyrste grein i Sognefjord av solbjørg_huseklepp er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.