Sidemeny+

Skjeand (Anas clypeata)

Posted on 20. jun 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Skjeand hann på Rygg i Gloppen

Eg har hatt nokre få turar i Selvågane denne våren/sommaren, og for meg har det dukka opp ukjende fuglar ved fleire høve. Den fargerike mandarinanda har vore der i fleire veker. I dag oppdaga eg eit skjeandpar. Gloppen ungdomsskule har planar om å få setje opp eit fugletårn i området. Vi har enno ikkje fått tomt til dette, men vi håpar det blir ei løysing. Ei systematisk registrering av fuglar, ville nok ende opp i ei lang artsliste for dette området.

Plassering i kart

Skjeand
Skjeanda er om lag 50 cm. Litt mindre enn den meir kjende stokkanda (57 cm). Nebbet ser ut som ei skei, så det er lett å skilje ho frå dei andre endene. Hannfuglen er også i dette tilfellet meir fargesprakande enn den brunspraglete hofuglen. Hannen har krittkvitt bryst og mørkegrønt hovud. Buken er raudbrun. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover. Oppflukta er bratt.

Utbreiing
Få eksemplar av desse fuglane i Sør-Norge, sporadisk i Nord-Norge. Antal observasjonar aukar.
Hekkar fåtallig ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland.
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. 8-10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23-25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40-45 dagar. Mat: helst animalsk som små krepsdyr og blautdyr.
Trekkfugl som kjem i april og reiser att i september- oktober. Overvintrar i Vest-Europa og Nord-Afrika.

CC BY-NC 4.0 Skjeand (Anas clypeata) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kommune: Selvågane