Sidemeny+

Nausta på Sognnes

Posted on 19. jun 2006 by in Arbeidsliv

Så lenge det har budd folk, har det vore sjøhus på Sognnes. Men opp gjennom åra har nausta vore gjennom både det eine og det andre. Allikevel vert dei bygde opp att, og gardsfolket har opp gjennom tidene hatt stor nytte av ressursane frå sjøen.

Plassering i kart

Naustmiljøet

I dag står nausta på Sognnes der framleis, og folket på gardane brukar dei også i desse dager. I buene ligg det fiskereiskapar som sitjenot, kilenot, garn, line m.m. I nausta ligg båtane. Sjølv om sjøhusa blir flittig brukte i dag, har dei endra seg på mange måtar opp gjennom åra. Om sumrane før i tida var mannfolka på sjøen, så sant dei ikkje var heime på bøane og hjelpte til med slåttearbeidet. Ofte når dei fiska laks, var dei heile tre gonger for dagen nede til sjøen og såg i nota. Ein gong for dagen kom motorbåtar frå Bergen, der kjøparane heldt til, og dei leverte laksen direkte frå båt til båt ute på fjorden.

Storm natt til søndag 31. januar 1949

Natta til sundag 31. januar 1949 bles det opp til storm. Stormen hadde vindstyrke orkan, og braut ned ei stor mengde skog. Ein kunne og sjå bølgeblekkplater som vinden hadde tatt med seg frå Sognnes gard langt oppe i fjellet. Taket over gjødselkjellaren hadde foke av, og platene låg alle stader. Då Ivar Odd Sognnes skulle ned til sjøen tidleg om morgonen, tenkte han med seg sjølv at det sikkert ikkje var så gale. Men då han var komen ned til sjøen, blei han møtt av eit syn han seint ville gløyme. I fjøra låg to naust som vinden hadde tatt. Treverket på brygga var også borte. Men gardsfolket var effektive, og nausta som hadde stroke med, blei bygd opp att så snart sumaren kom.

Brann natta til andre påskedag 1989

26. mars 1989 blei ein dag folk på Sognnes vil minnast lenge. Litt før halv ti om kvelden blei det varsla på gardane om brann nede ved sjøbuene. Det tok ikkje lenge før både kvinner og menn var nede ved nausta for å hjelpe til med brannslokkinga. Dei som var att heime, såg berre eldskinet mot himmelen, og rekna med at alt som var der, både hus, båtar og utstyr kom til å gå opp i flammane. Det var nok nifst for dei som sat heime utan å vite korleis det utvikla seg, og dei håpte nok på at dei som var der nede, hadde vit nok til å halde seg unna flammane. Etter kvart kunne dei sjå lys frå brannbilar som kom på Nesje, og følte seg nok tryggare når hjelpa ikkje var langt unna. Det blei langt over midnatt før folk kunne gå til gards att, våte og utslitne etter strevet. Heldigvis regna det, og det var vindstille. Hadde det vore vind den natta kunne brannen fort ha spreidd seg, og det hadde vore større sjanse for at det tok fyr i skogen over nausta. Den natta gjekk allikevel to buer og to naust opp i dei nådelause flammane. I det eine naustet gjekk to båtar, ein seksering og ein stor plastbåt. Men dei som var der nede, hadde klart å redde nokre båtar og mykje utstyr. Brannen hadde truleg elektriske årsaker.

Naust øydelagt av steinblokk

Det vart for nokre år sidan bygd opp eit nytt naust nede ved sjøen. Det skulle vise seg at det ikkje kom til å stå der lenge. Det gjekk knapt eit år før katastrofen var der. Vinteren 2006 datt det ei steinblokk ut av hammaren over der det nye naustet var bygd. Det var bygd på akkurat same grunnen som det gamle hadde brent ned i 1989. I naustet låg ein plastbåt og noko verktøy. Plastbåten blei knust saman med sjølve bygningen. Hadde det vore folk der, er det ikkje godt å vite kva som kunne ha hendt, og folk på gardane var letta for at det heller ikkje denne gongen kom nokon til skade.

CC BY-NC 4.0 Nausta på Sognnes av yngvild_sognnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Yngvild Åm Sognnes/2006
Kjelder: Munnlege kjelder: Ingunn Sognnes Ivar Sognnes
Kommune: Sognnes